From Wikipedia, the free encyclopedia
The Flying Burrito Bros er det tredje studioalbumet til den amerikanske countryrockgruppa The Flying Burrito Brothers, gjeve ut våren 1971. Før innspelinga for albumet kom i gang, vart Gram Parsons sparka frå bandet av Chris Hillman, og berre Hillman og «Sneaky» Pete Kleinow var då att som originale medlemmar i bandet. Som erstattar for Parsons, henta bandet inn den unge, ukjende musikaren Rick Roberts,[3] som seinare vart frontmann i Firefall. Gitaristen Bernie Leadon slutta òg i bandet kort tid etter albumet kom ut for å bli med å skipe Eagles.
The Flying Burrito Bros av The Flying Burrito Bros Studioalbum av The Flying Burrito Brothers | ||
Utgjeve | Juni 1971 | |
Innspelt | 1971 | |
Studio | Sunset Sound Studios i Los Angeles | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 36:15 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Jim Dickson, Bob Hughes | |
The Flying Burrito Brothers-kronologi | ||
---|---|---|
Burrito Deluxe (1970) |
The Flying Burrito Bros av The Flying Burrito Bros | Last of the Red Hot Burritos (1972)
|
Vinteren 1970-1971 drog bandet i Sunset Studios for å spele inn det tredje albumet sitt. Jim Dickson var igjen produsent, assistert av Bob Hughes, og gruppa utvikla originale songar skrivne av Chris Hillman og Rick Roberts, i tillegg til ein song av Bob Dylan, «To Ramona». Fleire unytta opptak frå innspelinga kom seinare ut på fleire samlealbum etter bandet vart oppløyst. Kleinow slutta òg i bandet etter albumet kom ut, for å fokusere meir på studioinnspelingar for andre artistar.[4]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «White Line Fever» | Merle Haggard | 3:16 |
2. | «Colorado» | Rick Roberts | 4:52 |
3. | «Hand to Mouth» | Rick Roberts, Chris Hillman | 3:44 |
4. | «Tried So Hard» | Gene Clark | 3:08 |
5. | «Just Can't Be» | Rick Roberts, Chris Hillman | 4:58 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Tried So Hard» (singel) | Gene Clark | |
12. | «Here Tonight» | Gene Clark | |
13. | «Payday» | Jesse Winchester | |
14. | «In My Own Small Way» | Rick Roberts | |
15. | «Feel Good Music» | Rick Roberts | |
16. | «Beat The Heat» (instrumental) | Pete Kleinow | |
17. | «Did You See» | Rick Roberts | |
18. | «Pick Me Up On Your Way Down» | Harlan Howard |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.