From Wikipedia, the free encyclopedia
The Ed Sullivan Show var eit amerikansk fjernsynsshow som gjekk på CBS frå 20. juni 1948 til 6. juni 1971 med programleiaren Ed Sullivan.[1] Programmet vart erstatta i september 1971 av CBS Sunday Night Movie.[2]
I 2002 var The Ed Sullivan Show rangert på 15. plassen på TV Guide si liste over dei 50 beste fjernsynsshowa gjennom tidene.[3] På tilsvarande liste i 2013 var det på 31. plassen.[4]
Programmet gjekk kvar søndag kveld frå kl. 20 til kl. 21. Alle typar for underhaldning vart vist fram på pgorammet frå klassisk musikk, operasongarar, popartistar, komikarar, ballettdansarar, skodespelarar som framførte monologar og sirkusartistar. Formatet var i røynda det same som varieté.[5]
The Ed Sullivan Show er særleg kjend for å ha introduserte og skapt gjennombrotet for mange artistar i 1950- og 1960-åra i Amerika, som Elvis Presley, The Beatles, The Supremes, The Dave Clark Five, The Animals, The Beach Boys, The Jackson 5, Janis Joplin, The Rolling Stones, The Mamas & the Papas, The Lovin' Spoonful, Herman's Hermits, The Doors og The Band. Den kanadiske komikarduoen Wayne and Shuster var på programmet 67 gonger, meir enn nokon annan.[6]
Elvis Presley si første framføring på programmet vart sett av 60 million menneske, som på den tida var 82,6 prosent av alle TV-sjåarar i USA, noko som er det største TV-publikummet i historia. The Beatles vart sett av 73,7 millionar menneske i 1964, men det var då 45,3 % av alle sjåarar i USA.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.