The Crystals
From Wikipedia, the free encyclopedia
The Crystals var ei USA-amerikansk vokalgruppe basert i New York, og rekna blant artistane som definerte jentegruppetida på første halvdelen av 1960-åra. Frå 1961 til 1964 hadde dei ei rekkje hittar, som «There's No Other (Like My Baby)», «Uptown», «He's Sure the Boy I Love», «He's a Rebel», «Da Doo Ron Ron» og «Then He Kissed Me», med tre forskjellige kvinnelege frontsongarar. Alle desse var produserte av Phil Spector. Dei tre sistnemnte songane vart alle plasserte på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene, på høvesvis 267, 114 og 493. plass[1]
Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...
The Crystals | |||
The Crystals i 1963 | |||
Opphav | New York City i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1960–1968 | ||
Sjanger | Pop, R&B | ||
Tilknytte artistar | Darlene Love | ||
Plateselskap | Philles Records | ||
Medlemmer | Dolores «Dee Dee» Kenniebrew Patricia Pritchett-Lewis Melissa «MelSoulTree» Grant | ||
Tidlegare medlemmer | Barbara Alston Mary Thomas Myrna Giraud Patricia «Patsy» Wright Dolores «LaLa» Brooks Frances Collins |
Lukk