That's All av Genesis
From Wikipedia, the free encyclopedia
«That's All» er ein song av Genesis på albumet Genesis frå 1983. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet etter «Mama».
That's All Singel av Genesis frå albumet Genesis | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3 Oktober 1983 | |
Innspelt | 1983 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 4:23 | |
Selskap | Atlantic, Virgin, Vertigo | |
Komponist | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Tekstforfattar | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Låtskrivar(ar) | Phil Collins, Tony Banks, Mike Rutherford | |
Produsent | Genesis, Hugh Padgham | |
Genesis-kronologi | ||
«Mama» (1983) |
That's All | «Home by the Sea» (1983)
|
I USA gjekk singelen opp til sjetteplassen tidleg i 1984 og vart den første hitten deira i USA inne på Topp 10. Den amerikanske versjonen av singelen hadde «Second Home by the Sea» som B-side. Den britiske versjonen hadde «Taking It All Too Hard» som B-side og gjekk til 16. pass. Ein annan singelversjon hadde med eit konsertopptak av «Firth of Fifth».
Songen var eit forsøk på skrive ein enkel popsong med ein melodi som minna om The Beatles. Phil Collins sa òg i seinare intervju at trommestilen var eit forsøk på å etterlikne Ringo Starr. Songen starta med eit elektrisk pianoriff av Tony Banks.
I videoen av songen ser ein band som heimlause menn som spelar kort og held varmen ved eit bål. Det var første gongen Genesis nytta Jim Yukich som regissør.
Songen vart spelt ein god del på konsertane til bandet ut tiåret og inn på 90-talet. Eit konsertopptak av songen finst på The Way We Walk, Volume One: The Shorts og DVDen Genesis Live at Wembley Stadium, samt heimevidoen The Mama Tour.