Mama av Genesis
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Mama» er ein song av det britiske rockebandet Genesis frå 1983 på albumet Genesis. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet. Han er kjend for den grove trommemaskinen i starten av songen, komponert av Mike Rutherford, som fører til minimalistiske synthesizerlinjer og etter kvart stemma til Phil Collins. Songen er den mest suksessrike singelen til bandet i Storbritannia med ein fjerdeplass på UK Singles Chart.[1] Songen nådde òg Topp 10 i Sveits, Austerrike, Noreg, Irland og Nederland. Han var mindre populær I USA, der han berre nådde 73. plass på Billboard Hot 100.[2] Ei nyutgjeving av singelen i 1992 nådde så vidt Topp 40 i Tyskland.[3]
Mama Singel av Genesis frå albumet Genesis | ||
B-side |
It's Gonna Get Better | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. august 1983 | |
Innspelt | The Farm i Surrey; 1983 | |
Sjanger | Progressiv rock, industriell rock | |
Lengd | 6:49 (album) 6:07 (singel) 5:18 (video/radio) 7:27 (lang versjon) | |
Selskap | Atlantic, Virgin, Vertigo | |
Komponist | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Tekstforfattar | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Låtskrivar(ar) | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Produsent | Genesis, Hugh Padgham | |
Genesis-kronologi | ||
«Paperlate» (1982) |
Mama | «That's All» (1983)
|
På siste verset vert det nytta ekte trommer, men det vert nytta «gated reverb»-effekt på lyden.