![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/21/New_Zealand_location_map.svg/langnn-640px-New_Zealand_location_map.svg.png&w=640&q=50)
Thames på New Zealand
From Wikipedia, the free encyclopedia
Thames er ein by i den sørvestlege enden av Coromandelhalvøya på Nordøya på New Zealand. Han ligg ved Firth of Thames nær munningen til elva Waihou River. Byen er administrasjonssenter i distriktet Thames-Coromandel og ligg i regionen Waikato. Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet 6 756.[2]
Thames | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Waikato | ||
Folketal | 7 680 (30. juni 2018)[1] | ||
![]() Thames på New Zealand 37.1384°S 175.5405°E / -37.1384; 175.5405 | |||
Wikimedia Commons: Thames, New Zealand | |||
Ein viktig arbeidsgjevar er Toyota New Zealand, der anlegget fram til 1981 monterte bilar av importerte delar (Complete knock down bilar), og som no renoverar importerte bruktbilar. Ein annan er presisjonsverkstaden og støyperiet A & G Price som vart opna i 1868 og som bygde 123 damplokomotiv for New Zealand Railways. No lagar det kjølar til større lystfarty.
Byen vart opphavleg bygd opp under eit gullrusj, og folkemengda talde på det meste kring 18 000 i 1868. I ein periode tenkte ein at byen kunne passera Auckland som den viktigaste byen i området. Eit tidleg læresete i byen var gruveskulen Thames School of Mines.
Mange menneske flytta til Thames i oppgangstida, og han vart snart den nest største byen i landet (Auckland har alltid vore den største). Då gullførekomstane tok til å ebba ut, gjekk også innbyggjartalet ned. Byen er stadig den største på Coromandel. Mange av innbyggjarane arbeider med turisme, og lokalt eigde verksemder yter tenester til det omliggjande jordbruksdistriktet.