Tettstader i Vest-Agder
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Det er 29 tettstader i Vest-Agder fylke. Av dei kallar Farsund, Flekkefjord, Kristiansand, Lyngdal og Mandal seg by.
79,6% av dei som bur i Vest-Agder fylke bur i tettstader, medan landsgjennomsnittet er 78,9%[1]. I tre av kommunane i fylket er det ingen stader som oppfyller SSB sitt krav til tettstad, det er Audnedal, Hægebostad og Åseral.
Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for nærare informasjon om tettstadsomgrepet.