Tekst-TV
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tekst-TV eller tekst-tv er eit system for kringkasting av tekst og enkle grafiske figurar saman med fjernsynskanalar. Systemet er hovudsakleg brukt til overføring av korte meldingar, samandrag av nyhende, programoversyn og liknande. Tekst-TV vart lansert i Noreg i 1983.[1] I dag er det berre NRK som framleis har tekst-TV, etter at TV2 la ned løysninga si i 2017.[2] Same året var det kring 400 000 nordmenn som framleis brukte tekst-TV, trass den aukande populariteten til internett som informasjonskanal.[3] Tekst-TV sidene til NRK er også tilgjengelege på internett.
Fjernsynsmottakarar som skal ta imot tekst-TV, må vere utstyrt med ein dekodarkrins og fjernkontroll. Sjåaren kan kalle opp tekstinformasjon på skjermen ved å trykke på knappane på fjernkontrollen. Tekst-TV er også brukt for teksting av fjernsynsprogram for personar med svekt høyrsel.