Tangerine Dream
tysk electronicaband / From Wikipedia, the free encyclopedia
Tangerine Dream er ei tysk elektronisk musikk-gruppe som vart starta i 1967 av Edgar Froese. Bandet har hatt mange forskjellige medlemmar gjennom tida og Froese var det einaste som var med heile tida fram til han døydde i i 2015. Trommeslagaren og komponisten Klaus Schulze var ei kort stund med i gruppa i dei tidlege dagane, men den mest stabile versjonen av gruppa, i den innverknadsrike perioden deira midt i 1970-åra, var ein trio med Froese, Christopher Franke og Peter Baumann. Tidleg i 1980-åra erstatta Johannes Schmoelling Baumann, og denne besetninga var òg stabil og i tillegg særs produktiv.
Tangerine Dream | |||
Tangerine Dream på scenen i 2007 | |||
Opphav | Vest-Berlin i Tyskland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1967 til i dag | ||
Sjanger | Elektronisk musikk, Berlin-skulen, New Age, electronica, ambient, krautrock | ||
Plateselskap | Ohr, Virgin, Caroline, Jive Electro, Private Music, Miramar, TDI, Eastgate, Sequel/Castle/Sanctuary/BMG, Relativity | ||
Medlemmer | Edgar Froese Linda Spa Thorsten Quaeschning | ||
Tidlegare medlemmer | Volker Hombach Lanse Hapshash Kurt Herkenberg Charlie Prince Steve Jolliffe Klaus Schulze Conrad Schnitzler Steve Schroyder Peter Baumann Christopher Franke Michael Hoenig Klaus Krüger Johannes Schmoelling Paul Haslinger Ralf Wadephul Jerome Froese | ||
Verka som | videospillkomponist |
Dei tidlege «Pink Years»-albuma til Tangerine Dream spelte ei viktig rolle i utviklinga av krautrock. Seinare då dei var på Virgin, vart albuma deira viktige i å definere sjangeren New Age-musikk, sjølv om bandet mislikte dette merket.
Sjølv om gruppa har gjeve ut mange studio- og konsertopptak, har mange av tilhengjarane deira vorte introdusert for Tangerine Dream via filmmusikken deira, som tel over seksti filmar med mellom anna Sorcerer, Thief, The Keep, Risky Business, Firestarter, Legend, Near Dark, Shy People og Miracle Mile.