tysk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Edgar Wilmar Froese (6. juni 1944–20. januar 2015) var ein tysk kunstnar og pioner innan elektronisk musikk, mest kjend for å ha starta gruppa Tangerine Dream. Solo- og gruppeinnspelingane hans før 2003 har på namnet «Edgar Froese», men på soloalbuma hans frå 2003 og frametter er han omtalt som Edgar W. Froese.
Edgar Froese | |||
| |||
Fødd | 6. juni 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sovetsk | ||
Død | 20. januar 2015 (70 år) | ||
Dødsstad | Wien | ||
Fødenamn | Edgar Wilmar Froese | ||
Opphav | Tyskland | ||
Sjanger | Elektronisk musikk | ||
Instrument | Piano, synthesizer, gitar, bassgitar, munnspel, mellotron, orgel, horn, mellofonium | ||
Tilknytte artistar | Tangerine Dream | ||
Plateselskap | Virgin/EMI Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Froese vart fødd i Tilsit (Sovetsk) i Aust-Preussen under andre verdskrigen. Han tok pianotimar frå han var 12 år gammal, og starta å spele gitar som femtenåring.[1] Etter å tidleg ha vist interesse for kunst, gjekk Froese på Kunstakademiet i Vest-Berlin for å studere måling og bilethogging. I 1965 starta han bandet The Ones, som spelte rock og R&B. Då dei spelte i Spania, vart dei inviterte til å spele heime hos Salvador Dalí i Cadaqués. Dette møtet vart særs viktig for Froese og det inspirerte han til å eksperimentere meir i musikken. The Ones vart oppløyst i 1967 og gav berre ut ein singel, («Lady Greengrass» / «Love of Mine»).
Etter å ha kome attende til Berlin, byrja Froese å finne musikarar for frirock-bandet som skulle verte Tangerine Dream.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.