From Wikipedia, the free encyclopedia
Tambov oblast[lower-alpha 1] er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tambov, arealet er 34 300 km² og innbyggjartalet er 994 420 (2021).
Tambov oblast | |||
Тамбовская область | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Sentrale Svartjord | ||
Del av | Den sentrale føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Tambov | ||
Areal | 34 300 km² | ||
Folketal | 956 292 (2024) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
Bilnummer | 68 | ||
Tambov oblast 52.72°N 41.453055555556°E | |||
Wikimedia Commons: Tambov Oblast | |||
Tambov oblast ligg sentralt på den aust-europeiske sletta, søraust for Moskva. Landskapet er hovudsakleg flatt, høgste punktet ligg 214 meter over havet. Om lag 10 % av området er skogkledd. Middeltemperaturen er –10 grader celsius i januar og 20 grader celsius i juli. Det finst ikkje nemneverdige naturressursar i provinsen. Elvene Tsna, Vorona og Lesnoj Voronezj renn gjennom området.
Det store fleirtalet av folket i provinsen er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske fordelinga:[1]
Som i Russland som heilskap går folketalet i Tambov oblast òg nedover, og har minka med 17,0 % frå 1989 til 2010:[1]
58,7 % av folket bur i byar. Den einaste større byen er Tambov, med 280 200 ibuarar. (2010)
Dei første folkeslaga som er kjent i området som no er Tambov oblast var tyrkiske folkeslag og mordvinar. På 1200-talet vart området underlagt det mongolske riket, og vart etter kvart del av riket til Den gylne horden. På 1500-talet byrja russarar å slå seg ned i området. På 1600-talet vart det bygd festningar her, Kozlov i 1635 og Tambov i 1636, for å verna storfyrstedømet Moskva mot åtak frå krimtatarane og nogaiane i sør. Dette gjorde at folkesetjinga av området med russiske nybyggjarar auka på. Frå 1779 var byen Tambov senter for ein eigen provins.
Under den russiske revolusjonen kom området under Sovjetmakta i januar 1918. I 1920-21 vart alvorlege bondeopprør i provinsen slått ned av Den raude arméen.
Tambov oblast vart oppretta som eigen provins den 27. september 1937.
Oleg Betin har vore guvernør i Tambov oblast sidan 1999, då han slo den sitjande kommunistiske guvernøren Aleksandr Rjabov. Ved valet til provinsforsamlinga i 2005 kom tre parti over sperregrensa på 7 %:
Guvernøren, Oleg Betin, er medlem i Sameint Russland.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.