Talvik (kvensk Talmulahti) er ei bygd og ein tettstad i Alta kommune, vest i Finnmark fylke, på 70. breiddegrad nord. Tettstaden ligg på vestsida av Altafjorden, få kilometer nordvest for Alta by og har 291 innbyggjarar per 1. januar 2023. Grunnkrinsen Talvik hadde 452 innbyggjarar i 2006.
Talvik | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Alta | ||
Areal | 0,37 km² | ||
Folketal | 291 (2023) | ||
Folketettleik | 786 / km² | ||
Talvik 70.04247°N 22.94985°E | |||
Wikimedia Commons: Talvik, Alta | |||
Fram til 1917 var Talvik eit senter for pomorhandelen i Vest-Finnmark.
I 1920 vart det statleg finansierte «Talvik tuberkulosehjem og barnekoloni» oppretta. Heimen vart tvangsevakuert i 1944 og brunnen ned av dei tyske okkupantstyrkane. Sjukehuset vart då midlertidig oppført på Mo i Rana, på staden som i dag vert kalla Talvikparken, og pasientane vart overførte dit. Alle husa i Talvik vart sett i brann og brann ned, berre kyrkja stod att.
Sjå også
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Talvik» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2009.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.