Talkshow
From Wikipedia, the free encyclopedia
Talkshow er eit underhaldningsprogram, send på fjernsyn, radio eller internett, der ein eller fleire programleiarar pratar med kjende eller aktuelle personar.
Det fyrste talkshowet som vart vist på fjernsyn vart sendt på den lokale amerikanske fjernsynskanalen WJZ-TV i 1951.[1] Programmet var leia av Joe Franklin. Det vart fyrst sendt på vekedagar, men flytta etterkvart til laurdagskvelden.[2]