![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2b/Tallow-beef_suet_after_rendering.jpg/640px-Tallow-beef_suet_after_rendering.jpg&w=640&q=50)
Talg
kjemisk sambinding / From Wikipedia, the free encyclopedia
Talg er eit materiale laga av feitt frå storfe og sau (ister). Det inneheld hovudsakleg glyseryl-esterar av oljesyre, palmitinsyre og stearinsyre.[1]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2b/Tallow-beef_suet_after_rendering.jpg/640px-Tallow-beef_suet_after_rendering.jpg)
I motsetnad til ister kan talg oppbevarast lenge utan å vere nedkjølt. Det føreset at talga er oppbevart i ein lufttett behaldar for å hindre oksidering. Ved oksidering / harskning blir det mellom anna danna smørsyre med ei kraftig gulfarge og beisk smak.
Talg blir nytta til å framstille såpe, i matlaging, som fuglemat og vart tidlegare nytta til å lage talglys. Talg kan nyttast som eit av råmateriala i produksjon av biodiesel, men denne byrjar då å stivne alt ved +16 grader.[2]
Historisk var talg ei mangelvare på Austlandet, men nødvendig til opplysing. Berre i løpet av to månader i 1744 tok Kongsberg sølvverk imot 16 200 kilo talg til bruk i gruvegangane, frakta vestfrå over Hardangervidda på kløvhest.[3]