![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d3/Bandera_de_Talavera.svg/langnn-640px-Bandera_de_Talavera.svg.png&w=640&q=50)
Talavera de la Reina
From Wikipedia, the free encyclopedia
Talavera de la Reina er ein by og ein kommune vest i provinsen Toledo i den autonome regionen Castilla-La Mancha i Spania. Han er den nest største byen i Castilla-La Mancha og den største i provinsen med om lag 85 000 innbyggjarar.[1]. Han er dermed større enn Toledo, som er provinshovudstaden.
Talavera de la Reina | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | ![]() | ||||
Autonom region | Castilla-La Mancha | ||||
Provins | Toledo | ||||
Grunnlagd | 500-talet fvt. | ||||
Borgarmeister | José Francisco Rivas Cid | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
185,83 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
87 763 472,3 /km² | ||||
Koordinatar | 39°57′N 4°50′W | ||||
Høgd over havet | 373 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 45600 | ||||
Telefon-retningsnummer | 925 | ||||
Nettstad: www.talavera.org |
Byen ligg ved elva Tajo og to øyar i elva er ein del av sentrum i byen, Isla Grande (Store Øya) og Chamelo. Den andre øya har ein del av den opphavlege middelhavsskogen. Byen er omgjeve av to fkjellkjeder, Sierra de San Vicente i nord og Montes de Toledo i sør.
Byen er delt i to av Tajo. Den nordlege delen er større og meir folkerik. Fleire bruer knyt dei to delane saman. Ei av desse bruene vart bygd av romarane.
Byen har kontinentalklima med våte og kalde vintrar med tett morgontåke, medan sommaren er forholdsvis varm.