From Wikipedia, the free encyclopedia
Tafjorden er ein fjordarm av Norddalsfjorden og Storfjorden i Fjord kommune på Sunnmøre. Han har ei lengd på 8 km og strekkjer seg frå Oksneset ved Fjørå og inn til bygda Tafjord. Ved Okseneset er fjorden på det djupaste med 220 m.
I gammal tid var namnet «Todarfjorden» og det omfatta også Norddalsfjorden om lag frå Skrenakken og inn.[1]
Då Olav II av Noreg flykta inn Storfjorden frå Knut den mektige, segla han og mennene hans inn i Tafjorden. Frå her reiste dei nordover opp Valldal til botnen av Isfjorden og opp Romsdalen via Lesja på veg til eksil i Russland.[2]
I 1934 vart raste ein del av bergsida i Tafjorden ut i fjorden og skapte ein lokal tsunami som tok livet av 47 menneske i fjorden[2].
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.