From Wikipedia, the free encyclopedia
Tabungrotta er ei grotte i Nahal Me'arot naturreservat i Israel ved Karmelberget. Grotta var busett i periodar i eldre steinalder (500 000 til kring 40 000 år sidan). I løpe tav denne perioden samla det seg avleiringar av sand og leire opp til 25 meter i grotta. Utgravingar indikerer at ho er ein av dei mest langvarige menneskelege busetjingane i Levanten.
Tabungrotta | |||
grotte | |||
Tabungrotta | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Del av | Nahal Me'arot Nature Reserve | ||
Koordinatar | 32°40′13.80″N 34°57′55.80″E | ||
Tabungrotta 32.6705°N 34.9655°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Tabun Cave | |||
Dei tidlegase og nedste avleiringane i grotta inneheld store mengder sjøsand. Dette og spor av pollen indikerer eit relativt varmare klima på den tida. Dei smeltane isbreane som dekte det meste av jorda fekk havnivået til å stige og kysten av Middelhavet til å trekkje seg inn over land. Kystsletta var smalare enn ho er i dag, og var dekt med savannevegetasjon. Dei som budde i grotta nytta handøkser av flint eller kalkstein ti å drepe dyr (gasellar, flodhestar, nashorn og ville kyr som levde på kystsletta) og til å grave opp planterøter. Etter kvart som reiskapane betra seg over tid, vart handøksene mindre og betre forma og skraper laga av tykke flak av flint, var truleg nytta til å skrape mat av bein og handsame dyreskinn.
Dei øvre nivåa av Tabungrotta bestor hovusakleg av leire og silt, og indikerer eit kaldare, meir fuktig klima. Materiala funnen i denne delen av grotta er frå Moustérienkulturen (kring 200 000 - 45 000 år sidan). Små flintreiskap av tynne flak dominerer desse nivåa.
Det er funne leivningane av ei neandertalarkvinne i Tabungrotta, datert til kring 120 000 år sidan. Det er eit av dei eldste menneskeskjeletta som er funne i Israel.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.