![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/37/Liberty_and_her_Attendants_-_%2528Suffragette%2527s_Tableau%2529_276006v.jpg/640px-Liberty_and_her_Attendants_-_%2528Suffragette%2527s_Tableau%2529_276006v.jpg&w=640&q=50)
Tablå
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tablå (frå fransk tableau, 'tavle') kan visa til eit måleri, eit scenebilete eller ei oppstilling av figurar som gjev att ei scene. Ein kan også bruka urørlege eller delvis rørlege figurar (automatar) til å danna tablå.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/37/Liberty_and_her_Attendants_-_%28Suffragette%27s_Tableau%29_276006v.jpg/640px-Liberty_and_her_Attendants_-_%28Suffragette%27s_Tableau%29_276006v.jpg)
Levande tablå (tableau vivant) kan vera ei gjengjeving av historiske eller kunstneriske scener av ei gruppe menneske. Eit kjent døme på eit levande tablå var ei scenisk framstilling av måleriet Brudeferd i Hardanger, som blei vist fram ved Kunstnerforeningen si festforestilling i Christiania Theater i mars 1849. Til tablået las ein opp diktet «Der aander en tindrende Sommerluft varmt over Hardangerfjords Vande» av Andreas Munch, med musikk av Halfdan Kjerulf.[1]
Liknande tablå kan brukast innan skodespel eller revyar, gjerne mot slutten av framføringa, der ei oppstilt gruppe av skodespelar dannar ei målerisk scene. Tablå var viktige verkemiddel til å skapa stemning for symbolisten Maurice Maeterlinck.[2]
Symbolisme var viktig også i tidleg film. Vampyr (1932) av Carl Theodor Dreyer hadde til dømes scener som kunne likna levande tablå skapt etter Edvard Munch sine tidlege måleri.[3]