![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/28/Location_Southern_Ocean.svg/langnn-640px-Location_Southern_Ocean.svg.png&w=640&q=50)
Sørishavet
verdshav / From Wikipedia, the free encyclopedia
Sørishavet er det sørlegaste verdshavet. Det går nordover frå kysten av Antarktis til 60 °S,[1] der det møter Stillehavet, Atlanterhavet, og Indiahavet. Sørishavet er det nest minste av dei fem verdshava, berre Nordishavet er mindre.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/28/Location_Southern_Ocean.svg/320px-Location_Southern_Ocean.svg.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d8/Antarctica_1912_edit.jpg/640px-Antarctica_1912_edit.jpg)
Geografar er usamde om kvar den nordlege grensa til Sørishavet går, eller om ho eksisterer i det heile, og mange reknar havet i staden som ein del av anten Stillehavet, Atlanterhavet eller Indiahvet. Enkelte reknar òg Den antarktiske konvergensen, eit havområde som flyttar seg med årstidene, som grensa mellom Sørishavet og dei andre hava, i staden for den 60. breiddegraden.[2]
International Hydrographic Organization (IHO) har enno ikkje ratifisert ein definisjon frå 2000 av havgrensa ved 60 °S. Den siste publiserte definisjonen for verdshava er frå 1953, men denne omfattar ikkje Sørishavet.