Sørlege Bug
elv i Ukraina From Wikipedia, the free encyclopedia
elv i Ukraina From Wikipedia, the free encyclopedia
Sørlege Bug, òg kalla Sørlege Buh,[1] (ukrainsk Південний Буг, Pivdennyj Buh: russisk Juzjnij Bug, polsk Boh),[1] er ei elv i Ukraina. Kjelda hennar ligg vest i Ukraina, i Volyn-Podillia-høglandet, kring 145 km frå den polske grensa. Frå her renn ho søraustover til Bugestuaret ved Svartehavet gjennom dei sørlege slettene. Ho er 806 km lang og drenerer eit område på 63 700 km².
Sørlege Bug | |||
Sørlege Buh | |||
elv | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 63 700 km² | ||
Lengd | 806 km | ||
Kjelde | Lviv oblast | ||
Munning | Bugestuaret | ||
Søndre Buh 49.6313°N 26.4289°E | |||
Søndre Bug i Ukraina
| |||
Wikimedia Commons: Southern Bug | |||
Av store byar langs Sørlege Bug finn ein Khmelnytskyj, Vinnytsija, Pervomaisk og Mykolaiv.
Herodotos nemnde elva som Hypanis.[2] Under folkevandringstida var Sørlege Buh ei viktig hindring for alle vandrande folk.
Elva er farbar mange kilometer oppover frå munningen og det ligg fleire elvenamner ved elva, som Voznesensk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.