islandsk musikkgruppe From Wikipedia, the free encyclopedia
Systur (norsk 'systrer'), også kjent som Sigga, Beta og Elín og Sísý Ey,[1] er eit islandsk band som består av systrene Sigríður, Elísabet og Elín Eyþórsdóttir. Bandet vart skipa i 2011. I mars 2022 vann det den islandske songtevlinga Söngvakeppnin og representerte Island i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Með hækkandi sól».[2]
Systur | |||
| |||
Aktiv | 2011– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | folkemusikk |
Systrene Sigríður («Sigga»), Elísabet («Beta») og Elín vaks opp i en musikalsk familie. Mora er songaren Ellen Kristjánsdóttir, faren er musikaren Eyþór Gunnarsson, mens onkelen er den kjende islandske blues- og folkemusikaren KK (Kristján Kristjánsson).[3]
I 2011 danna systrene house- og elektronikabandet Sísý Ey saman med DJ Oculus. I 2013 gav dei ut sin fyrste singel, «Ain’t Got Nobody», som gjekk rett til topps på den islandske hitlista. Dei har spela på fleire internasjonale musikkfestivalar, blant anna Glastonbury, Sonar Barcelona og Iceland Airwaves.[3]
Laurdag 12. mars 2022 vann dei Söngvakeppnin, den islandske uttakinga til Eurovision Song Contest. Dei vann den islandske finalen med låten «Með hækkandi sól» (norsk 'med stigande sol'), og fekk dimed representere Island i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia[2], der dei enda på 23. plass i finalen med totalt 20 poeng.
Dei tre systrene har også individuelle musikkarrierar.[3][4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.