Systrond
From Wikipedia, the free encyclopedia
Systrond er eit tradisjonelt namn på bygda i Sogndal kommune som strekkjer seg frå Fatlaelvi i aust til Hella i vest. Namnet har ingen offisiell status og SSB nyttar nemninga Hermansverk/Leikanger på bygda og tettstaden. Innbyggjarnamnet på personar frå bygda er systrending.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/23/Systrond_leikanger.jpg/640px-Systrond_leikanger.jpg)
Systrond | |||
bygd | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sogndal | ||
Areal | 2,08 km² | ||
Folketal | 2 208 (2023) | ||
Folketettleik | 1 062 / km² | ||
Postnummer | 6863 LEIKANGER | ||
Innbyggjarnamn | Systrending | ||
Preposisjon | På Systrond | ||
![]() Systrond 61.186389°N 6.830556°E / 61.186389; 6.830556 |
Tidlegare hadde bygda to sentrumsdanningar om lag 3 km frå kvarandre, Hanahaug og Hermansverk, begge med butikkar, hotell, rutebåtanløp, post o.l. Sentrum på Hanahaug hadde Leikanger som offisielt namn (post, skipsanløp o.l.). I løpet av dei siste tiåra er dei fleste sentrumsfunksjonane på Hanahaug blitt nedlagt og Hermansverk er no det einaste reelle sentrumet på Systrond. Hanahaug har framleis ein operativ kai med anløp av hurtigbåt frå Bergen, eit hotell (Leikanger Fjord Hotel) og bruktbutikk.
Arkeologiske undersøkingar har vist at det har vore drive jordbruk på Systrond i meir enn 4500 år.