![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/89/Hella.jpg/640px-Hella.jpg&w=640&q=50)
Hella
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hella er ei grend som ligg i Eitorngrendi i Sogndal kommune, på nordsida av Sognefjorden i Vestland.
- For kvinnenamnet Hella, sjå Helle.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Hella | |||
stad | |||
Hella ferjekai Foto: Matt Sachtler | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sogndal | ||
Postnummer | 6863 LEIKANGER | ||
![]() Hella 61.20722222°N 6.59833333°E / 61.20722222; 6.59833333 |
Lukk
Hella er ein viktig ferjestad på Rv55 og har to ferjesamband:
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a4/Hella_Sognefjord_Norway.jpg/640px-Hella_Sognefjord_Norway.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6c/Hella_i_Leikanger.jpg/640px-Hella_i_Leikanger.jpg)
Foto: Eirik Solheim
- Ferja til Dragsvik kryssar Fjærlandsfjorden (ca 5 min). Her kan ein anten fortsetja på Riksveg 55 vestover langs Sognefjorden eller nordover på Riksveg 13 over Gaularfjellet (vinterstengt).
- Ferja til Vangsnes kryssar Sognefjorden (ca 15 min). Her kan ein anten fortsetja på Riksveg 13 over Vikafjellet eller Riksveg 602 til Fresvik.
Ferjesambanda har vore i drift sidan 1956, då var vegen mellom Leikanger og Hella ferdig og ein kunne korte ned ferjestrekka mykje. Tidlegare hadde det gått ferje mellom Grinde i Leikanger og Vetlefjorden i Balestrand. [1]