Gammalsyrisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gammalsyrisk (ܣܘܪܝܝܐ, suryāyā) er ein dialekt av austlege mellomarameisk som ein gong vart snakka over store delar av det området i Levanten som vert kalla den fruktbare halvmånen. Etter å ha oppstått ein gong kring 100-talet evt.[1] vart klassisk gammelsyrisk eit viktig litterært språk over heile Midtausten frå 300- til 700-talet,[2] det klassiske språket i Edessa, bevart i mykje assyrisk litteratur. Gammalsyrisk er som mellomarameisk eit språk i den nordvestlege greina av den semittiske språkfamilien.
Gammalsyrisk ܠܫܢܐ ܣܘܪܝܝܐ Leššānā Suryāyā [lɛʃʃɑːnɑː surjɑːjɑː] | ||
Klassifisering | Afroasiatisk Semittisk Sentral-semittisk Nordvest-semittisk Arameisk Aust-arameisk | |
Bruk | ||
Skriftsystem | Syrisk abjad | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | syc | |
ISO 639-3 | syc | |
Glottolog | clas1252 | |
Gammalsyrisk vart bindemiddelet for syrisk ortodoks kristendom og den tilhøyrande kulturen, og spreidde seg gjennom Asia så langt som til den indiske Malabarkysten og til austlege Kina, og var uttrykksmiddelet for kommunikasjon og kulturell utbreiing for arabarar og til ein mindre grad for persarar. Som hovudsakleg eit kristent uttrykksmedium hadde gammalsyrisk ein fundamental kulturell og litterær innverknad på utviklinga av arabisk som kom til å erstatte gammalsyrisk som ein del av den islamske dominansen mot slutten av 700-talet. Gammalsyrisk har vorte verande det liturgiske språket til syrisk kristendom.
Gammalsyrisk er skrive med syrisk skrift, ei utleiing av arameisk skrift.