From Wikipedia, the free encyclopedia
Qamishli (arabisk قامشلي, Qāmišlī, kurdisk Qamişlo, assyrisk ܩܡܫܠܐ, Qamišlo eller ܒܝܬ ܙܐܠܝ̈ܢ, Beṯ Zālin) òg skrive Qamishly, Kamishli eller Kamishly, er ein by nordaust i Syria ved grensa til Tyrkia, tilstøytande til den tyrkiske byen Nusaybin, og ikkje langt frå Irak. Han er ein del av Al-Hasakah guvernement, og er det administrative senteret i Qamishli-distriktet. Ifølgje folketeljinga frå 2004 hadde Qamishli 184 231 innbyggjarar.[1] Qamishli-distriktet omfattar 92 busetnader, og har eit samla folketal på 232 095.
Qamishli | |||
قامشلي | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Al Hasakah | ||
Distrikt | Qamishli | ||
Koordinatar | 37°03′N 41°13′E | ||
Folketal | 184 231 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Retningsnummer | 52 | ||
Qamishli 37.05°N 41.216666666667°E | |||
Kart som viser Qamishli.
| |||
Wikimedia Commons: Qamishli | |||
Qamishli ligg ved foten av Taurusfjella, 680 km nordaust for Damaskus.[2] Under Rojavakonflikten, ein del av den syriske borgarkrigen som braut ut i 2011, blei Qamishli hovudstaden i den sjølverklærte sjølvstyrande regionen Syrisk Kurdistan eller Rojava.[3][4]
Byen var opphavleg ein liten landsby busett av assyrarar/syrarar kalla beṯ zālin (assyrisk ܒܝܬ ܙܐܠܝ̈ܢ) som tyder «hus av siv». Det noverande namnet er ei tyrkifisert form av dette, der «kamış» tyder «siv» på tyrkisk.
Med eit folketal på 184 231 (folketeljing 2004), er Qamishli blant dei ti største byane i Syria.
Qamishli er ein noko blanda by og dei etniske gruppene er hovudsakleg kurdiske, kristne og arabarar. Dei kristne i byen er hovudsakleg assyrarar og armenarar. Byen vart grunnlagd av assyriske flyktningar under det assyriske folkemordet i dagens Tyrkia. I dag lever assyrarar, kurdarar, arabarar og armenarar[5] side om side i byen.[6]
Al Qamishli hadde òg ein større samfunn av syriske jødar. I 1930-åra budde det 3000 jødar i Al Qamishli. Etter 1947 vart situasjonen for jødane i Al Qamishli stadig dårlegare og alle jødar i offentlege stillingar fekk vart sagt opp. Mange jødiske kvinner vart fengsla og banka opp med godkjenning frå styresmaktene. Etter kvart som valden auka, til dømes med pogromen i Aleppo i 1947, førte dette til ei masseutvandring av jødar frå Syria. I 1963 hadde samfunnet blitt redusert til 800 jødar og etter seksdagarskrigen gjekk det ned til 150. I dag er berre få att.
Qamishli ligg nær staden der den hurrittiske byen Urkesh låg i antikken, grunnlagd i løpet av 3000-talet fvt.
Den moderne byen vart grunnlagd i 1926 som ein jernbanestasjon langs Taurus-banen.[7]
Qamishli er den største byen i Hassake-provinsen og vert rekna som den løynde hovudstaden til kurdarane, men assyrarane hevdar òg at byen er setet for folket deira. Han er òg senteret for det syriske «kurdar-problemet».[8]
I mars 2004, under ein kaotisk fotballkamp, starta eit opprør då somme personar byrja å hylle Saddam Hussein, og kampen vart til ein politisk strid mot kurdarane. Opprøret spreidde seg ut av stadionet og våpen vart nytta mot mot folk av kurdisk bakgrunn. Minst 30 kurdarar mista livet då syriske tryggingsstyrkar tok over byen.[9] Hendinga vart kalla «Qamishli-massakren».
I juni 2005 demonstrerte tusenvis av kurdarar i Qamishli i protest mot attentatet på Sheikh Khaznawi, ein kurdisk geistleg i Syria, som førte til at ein politimann omkom og fire kurdarar vart skadde.[10][11] I mars 2008 opna, i følgje Human Rights Watch,[12] syriske tryggingsstyrkar eld mot kurdarar som feira vårhøgtida nauroz og som tilsynelatande kom saman for å starte eit nytt opprør i Qamishli. Tre personar vart drepne.
I samband med den syriske borgarkrigen og Rojavakonflikten frå 2011 fekk byen ei viktig politisk rolle som de facto hovudstad for Rojava eller Syrisk Kurdistan, ein sjølverklært sjølvstyrande region nord i Syria. I juli og august 2012 tok Folkets forsvarseiningar eller YPG kontorll over store delar av Syrisk Kurdistan, men ikkje sjølve Qamishli. Den syriske regjeringa sine representantar i byen tillét likevel flagging med det kurdiske flagget i byen.[13] Denne månaden utførte Den frie syriske armeen eit bombeåtak mot styresmaktene sitt etterretningssenter i byen, sjølv om denne opprørsgruppa ikkje var akseptert i området av dei kurdiske opprørsgruppene.[14]
Etter fleire månader der kurdiske PYD (Partiya Yekîtiya Demokrat) i realiteten styrte området erklærte dei offisielt regionalt sjølvstyre den 9. januar 2014. YPG og Damaskus-vennlege styrkar stod stort sett saman mot ISIL, men i april 2016 braut det ut slåstkampar mellom desse to gruppene om kontroll over byen.[15]
27. juli 2016 blei 44 menneske drepne og fleire skadde etter at to bomber eksploderte i byen. ISIL tok på seg ansvaret for åtaket.[16]
I Köppensystemet er klimaet klassifisert som «middelhavsklima».[17]
Vêrdata for Al-Qamishli | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 10,9 | 12,6 | 16,7 | 22,1 | 29,2 | 36,1 | 40,3 | 39,8 | 35,4 | 28,3 | 19,3 | 12,7 | 25,3 |
Gjennomsnittleg min °C | 2,7 | 3,5 | 6,3 | 10,3 | 14,9 | 20 | 23,5 | 23 | 19,5 | 15 | 8,8 | 4,4 | 12,7 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 77,5 | 71,9 | 68,2 | 59 | 29 | 2,2 | 0,3 | 0,1 | 0,8 | 18 | 38,5 | 66,9 | 432,4 |
Gns. dagar med regn | 11 | 11 | 11 | 10 | 6 | 1 | 0 | 0 | 0 | 4 | 7 | 10 | 71 |
Kjelde: World Meteorological Organization |
Byen har ein internasjonal flyplass, Qamishli lufthamn, med IATA-koden KAC. I oktober 2015 blei flyplassen stengd for ei stund,[18] før han opna att. Syriske flyselskap som Cham Wings Airlines, FlyDamas og Syrian Air har alle jamlege flygingar mellom Qamishli og Damaskus, Latakia og Beirut. Delar av året tek flyplassen også imot utanlandske flygingar frå Tyskland og Sveits.[19]
Chemins de Fer Syriens (det syriske jernbaneverket) opererer jernbaneruter for transport og passasjerar til andre delar av Syria
Al-Hasakah guvernement er kjend som ein viktig kornprodusent i Syria. Han er også kjelda til rundt halvparten av olja som blir vunnen ut i landet.[20] I desember 2017, før vinterkornsesongen, inngjekk styresmaktene avtaler med det lokale jordbrukssamvirket og mange enkeltgardbrukarar i al-Hasakah om å ta imot kveiten og bygget planta på 58 000 acre (230 km2) i al-Hasakah, og å planta meir til neste år.[21]
Byen er kjend for eit stort juleopptog kvart år i desember, og feiringa av nauroz trekkjer til seg store menneskemengder kvart år i mars. Trass i etnisk motiverte konfliktar, inkludert den syriske borgarkrigen, har både kurdarar, muslimar og syrisk kristne, i tillegg til ein armensk minoritet, stort sett levd side om side i fred.
Den kurdiskspråklege avisa Nu Dem har hovudkvarteret sitt i Qamishli.[2]
Før Rojavakonflikten fanst det ingen institusjonar for høgare utdanning i Nordaust-Syria. I september 2014 opna den første, Mesopotamian Social Sciences Academy.[3][22] Rojava universitet opna i juli 2016 med utdanning innan medisin, ingeniørvitskap, naturvitskap og humaniora, med undervising på kurdisk, arabisk og engelsk.[23][24]
Den armenske songaren Aram Tigran, som hovudsakleg song på kurdisk, var frå Qamishli.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.