From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit syntetisk språk er i språktypologi eit slik språk der syntaktiske forhold er uttrykte ved hjelp av morfem som kan knytast til eit ord ved hjelp av bøying, agglutinering eller polysyntese. I desse språka er talet på morfem per eit ord høg, i motsetnad til isolerande språk som viser lågare tal morfem per eit ord[1].
Ein kan skilje mellom tre slags syntetiske språk: agglutinerande språk, flekterande språk, polysyntetiske språk. I dei agglutinerande språk vert ei rekkje affiks til ei ordrot, og kvar einskilt affiks representerer ein gjeven grammatisk funksjon. I dei relativt uvanlege polysyntetiske språk kan fleire ordrøter og affiks føyast saman. I flekterande språk er ei gruppe av ordformer – eit paradigme – knytt til einannan meir eller mindre regelbunde, der kvar bøyingsform representerer eit kompleks av grammatiske særdrag.
Mange språk har både syntetiske og isolerande trekk, og språk kan soleis vere syntetiske eller isolerande i ulike grad. Som eksempel er det norske språket til stor del analytisk, men langt frå i same utstrekning som kinesisk. I finsk som er for ein god del syntetisk språk, seier man til dømes talossa («inne i huset»), talosta («or huset») og taloon («inn i huset»), medan ein i norsk istaden brukar preposisjonar.
Andre språk som kan skildrast som svært syntetiske er tyrkisk og polsk. Døme på polysyntetiske språk finst mellom anna hjå Wichí-indianarane i Bolivia og Argentina, der alle tre hovuddialektar Vejós (Wehwós), Güisnay (Weenhayek) og Nocten (Oktenay) er polysyntetiske.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.