kolibrislekt i Sør-Amerika From Wikipedia, the free encyclopedia
Sylfar er ei biologisk slekt Aglaiocercus av kolibriar med tre medlemmer som samla har eit leveområde i ei smal stripe langs Andesfjella frå Venezuela til Bolivia, samt kystfjella i Turimiquire-massivet, nordaustre Venezuela. Slekta er ein del av stammen Lesbiini, «koketter», innanfor underfamilien Lesbiinae.
Sylfar | |
Celestsylfe, Aglaiocercus coelestis, nordvestre Ecuador Foto: Joseph C Boone | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Lesbiinae |
Stamme: | Lesbiini |
Slekt: | Sylfar Aglaiocercus Zimmer, 1930 |
Artar | |
andessylfe celestsylfe breihalesylfe |
Namnet Aglaiocercus er frå gresk: aglaia «ven, prakt» samansett med kerkos, «hale».[1]
Dette er tre artar som er lett kjennelege og skil seg frå alle andre kolibriar. Nebbet er rettpeikande og kort, hannfuglane har ein ekstremt fager, fargerik, særs lang og kløfta hale. Hoene er totalt annleise, har normal lengde på halen og kvit strupe flekka med grønt, men friske, kanelfarga til gulbrune farger på buken.[2]
Reiret er vanlegvis festa til ein kvist eller grein, forma som ein overgygd moseklump, med ein sideinngang og ein hale av mose hengande under. Hannen til andessylfe deltek i ritualisert reirbygging. Hoa legg to kvite egg, hoa rugar aleine i rundt 15 til 17 dagar. Ungane forlèt reiret etter omtrent 21 til 30 dagar.[3][4] (Andessylfe og celestsylfe)
IUCN har kategorisert breihalesylfe som sterkt truga (EN), dei andre to som livskraftige artar (LC).[5]
Sylfar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[6] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.