Sveta Gera
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sveta Gera (kroatisk) eller Trdinov vrh (slovensk) eller (tysk Sichelberg eller St. Geraberg eller Gorianc)[1][2][3][4][5] er eit fjell på 1181 meter over havet[6] langs grensa mellom Slovenia og Kroatia. Fjellet er det høgaste i Žumberak/Gorjanci-fjella.
Sveta Gera | |||
fjell | |||
Land | Kroatia | ||
---|---|---|---|
Sveta Gera 45.759783333333°N 15.318158333333°E | |||
Wikimedia Commons: Trdina Peak | |||
Fjelltoppen vart opphavleg kalla Sveta Gera på kroatisk og Sveta Jera på slovensk etter 1400-talskyrkja St. Gjertrud som låg nokre hundre meter frå toppen. I 1923 føreslo leiaren i Novo Mesto fjellklatrarklubb, Ferdinand Seidl, å kalla fjellet opp etter Janez Trdina. 15. august 1923 vart fjelltoppen omdøypt i ein seremoni.[7]
Fjelltoppen, som både Slovenia og Kroatia gjer krav på,[8][9] og som står i den kroatiske matrikkelen, ligg ei brakke som høyrte til den jugoslaviske folkearmeen, og som i dag vert nytta av det slovenske forsvaret. Kontroll over militæranlegget er òg omstridd mellom dei to statane.
I mars 1999 karakteriserte Milan Kučan, dåverande president i Slovenia, bruken av anlegget som militær utpost av som kontroversiell og i det minste usivilisert.[10] I 2004 hevda han for kroatisk TV at det ville vore bedte å opne ei fjellhytte her i staden.[11]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.