Svein Oddvar Indrelid (fødd 24. desember 1943) er ein norsk arkeolog fødd i Aurland. Han har magistergrad i nordisk arkeologi frå 1971, vart dr.philos. i 1986, og tilsett som professor i arkeologi ved Universitetet i Bergen og ved Bergen Museum. Han tok del i Hardangerviddaprosjektet for tverrvitenskapelig kulturforskning med arkeologiske utgravingar på Hardangervidda utover på 1970-talet og framover, med utgravingar på Sumtangen i Finsbergvatnet, og var prosjektleiar for prosjektet Reinsdyr og reinsdyrfangst på Hardangervidda i jernalder og middelalder.
I dei seinare åra har Svein Indrelid òg arbeidd med utgravingar i Russland i samarbeid med arkeolog og geolog John Inge Svendsen[1].
Bøker
- 1973 – Hein 33 : en steinalderboplass på Hardangervidda : forsøk på kronologisk og kulturell analyse (Bergen: Universitetsforlaget) [Serie: Årbok for Universitetet i Bergen. Humanistisk serie]
- 1984 – Sunnmøres forhistorie : fra de første fotefar (Ålesund: Sunnmørsposten forlag). ISBN 8299093732 I fulltekst ved nb.no [Redigert av Svein Indrelid og Stein Ugelvik Larsen]
- 1986 – Fangstfolk og bønder i fjellet : bidrag til Hardangerviddas førhistorie 8500-2500 år før nåtid (Bergen: S. Indrelid) I fulltekst ved nb.no
- 1988 – Arkeologiske skrifter fra Historisk museum, Universitetet i Bergen. 4. Festskrift til Anders Hagen (Bergen: Museet) [Redaksjon: Svein Indrelid, Sigrid Kaland, Bergljot Solberg]
- 1991 – Fornminne og fornminnevern i Ølen kommune (Bergen: Historisk museum, Universitetet i Bergen). ISBN 8290273487
- 1994 – Among the Fjords and Mountains : a summary of Aurland history (Aurland: Aurland Historical Association). ISBN 82-90451-50-4 [Medverkande: Svein Indrelid, Anders Ohnstad, Åsmund Ohnstad, Nils Tore Skahjem]
- 1994 – Fangstfolk og bønder i fjellet : bidrag til Hardangerviddas førhistorie 8500-2500 år før nåtid (Oslo: Universitetets oldsaksamling). ISBN 8271811185 I fulltekst ved nb.no
- 1994 – Fornminnevern i kommunane : kva lokalsamfunna sjølve kan gjera for å ta vare på minna om si eldste fortid (Oslo: Noregs forskingsråd). ISBN 82-12-00264-0 I fulltekst ved nb.no [FOK-programmet. Skrifter ; nr 15]
- 1996 – Frå steinalder til vikingtid (Bergen: Eide). ISBN 82-514-0480-0 [Strilesoga. Bind 1]
- 2003 – Soga om Flåm. Band 1. Bygdi (Aurland: Aurland sogelag). ISBN 82-992261-3-9 [Aurland bygdebok]
- 2007 – Soga om Flåm. Band 2A. Gard og ætt : Frå Fretheim til Geisme (Aurland: Aurland sogelag). ISBN 978-82-992261-5-8 [Aurland bygdebok]
- 2009 – Arkeologiske undersøkelser i vassdrag : faglig program for Sør-Norge (Oslo: Riksantikvaren). ISBN 9788275740524
- 2009 – Soga om Flåm. Band 2B. Gard og ætt : Frå Dalsbotn til Upsete (Aurland: Aurland sogelag). ISBN 978-82-992261-6-5 [Aurland bygdebok]
- 2014 – Oppdagelser på Hardangervidda (Bergen: Nord4). ISBN 978-82-7326-108-3
I bøker - eit utval
- 2005 – Fattigfolk : i Bergens stift 1755-2005 (Førde: Selja). ISBN 82-91722-54-4 [Red.: Yngve Nedrebø. Av innhaldet: Dei fattige i Aurland : forordninga av 1755 i ei vestlandsbygd / Svein Indrelid]