From Wikipedia, the free encyclopedia
Svalbard og Jan Mayen er ei statistisk nemning på dei norske områda Svalbard og Jan Mayen som blir nytta i ISO-standarden ISO 3166. Sjølv om dei vert kombinert til éi eining er dei forskjellige einingar administrativt. I ISO 3166-1 har Svalbard og Jan Mayen alfa-2-koden SJ, alfa-3-koden SJM og den numeriske koden 744. Dette medfører mellom anna at toppnivådomenet .sj finst for Svalbard og Jan Mayen, og at ein har understandarden ISO 3166-2:SJ. Statistikkdivisjonen til Dei sameinte nasjonane (UNSD) nyttar òg denne koden, men har kalt dei Svalbard- og Jan Mayen-øyane. I den russiske standarden GOST 7.67 nyttar ein den kyrilliske trebokstavskoden СВБ (SVB).
Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet under norsk suverenitet, men har spesiell status med heimel i Svalbardtraktaten. Jan Mayen er ei avsidesliggande øy i Atlanterhavet som ikkje har nokon permanent busetnad, og vert administrert av fylkesmannen i Nordland. Éin ting Svalbard og Jan Mayen har til felles er at dei er dei einaste delane av Noreg som ikkje høyrer til noko fylke. Ein separat ISO-kode for Svalbard vart føreslegen av FN, men norske styresmakter tok initiativ til å inkludere Jan Mayen i koden.
Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet om lag halvvegs mellom fastlandsnoreg og Nordpolen. Øygruppa går frå 74° til 81° nord, og frå 10° til 35° aust.[1][2] Svalbard har eit areal på 61 022 km², og hadde 2 657 innbyggjarar i 2016.[3] Spitsbergen er den største øya, etterfylgt av Nordaustlandet og Edgeøya. Administrasjonssenteret er Longyearbyen; andre busetnadar er den russiske gruvelandsbyen Barentsburg, forskningssenteret Ny-Ålesund og gruvebusetnaden Sveagruva.[4]
Svalbardtraktaten frå 1920 godkjenner norsk suverenitet over Svalbard,[2] og Svalbardlova frå 1925 gjorde Svalbard til ein fullverdig del av Noreg. Øygruppa vert administrert av sysselmannen på Svalbard, som er underlagd justis- og beredskapsdepartementet.[5][6] I motsetnad til resten av Noreg (inkludert Jan Mayen) er Svalbard ei økonomisk frisone, ei demilitarisert sone,[2] og er ikkje del av Schengenområdet eller EØS.[7]
Jan Mayen er ei vulkanøy i Nordishavet på grensa mellom Norskehavet og Grønlandshavet. Øya dekker 377 km², og vert dominert av den 2 277 meter høge vulkanen Beerenberg. Den einaste folkesetnaden er ein kombinert militær og meteorologisk utpost som opererer ein LORAN-C-sendar ved Olonkinbyen. Meteorologisk institutt annekterte øya for Noreg i 1922. 27. februar 1930 vart øya gjort til ein fullverdig del av Noreg. Sidan 1994 har Jan Mayen vorte administrert av fylkesmannen i Nordland, med noko autoritet delegert til stasjonssjefen.[8]
ISO-nemninga samsvarar med ein kategori hjå statistikkdivisjonen til FN, og brukarar av desse systema kan av og til rapportere separat for «Svalbard og Jan Mayen» i staden for å generalisere til kategorien «Noreg». Korkje Svalbard eller Jan Mayen har eigne flagg eller våpenskjold, og det norske flagget blir nytta for begge, både separat og som ei gruppe.[4][8]
Eit forsøk på å endre koden til berre «Svalbard» har tidlegare feila på grunn av Utanriksdepartementet. For statistikk om befolkning og handel tyder «Svalbard og Jan Mayen» i praksis berre «Svalbard».[9]
ISO 3166-2:SJ er Svalbard og Jan Mayen sin del av ISO 3166-2, ein standard som melder om kodar for undernasjonale administrative einingar. Det er ikkje gjeve noka inndeling av Svalbard og Jan Mayen i ISO 3166-2:SJ, men ISO 3166-2:NO gjev Svalbard og Jan Mayen separate kodar:[10]
På grunn av ISO 3166-1-koden SJ
har Svalbard og Jan Mayen òg fått eit eige toppnivådomene, .sj.[11] Norid, som administrerer toppnivådomenet til Noreg, .no, vart òg gjevne ansvaret for .sj og toppnivådomenet til Bouvetøya, .bv, i 1997. Retningsliner hindrar registrering på nokre av toppnivådomena, og institutt med samband til Svalbard kan nytte .no-domenet. Norske styresmakter har ikkje ynskt å kommersialisere domeneressursane, så .sj vil ikkje bli selt vidare til ein tredjepart.[12]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.