![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/da/Susan_Wojcicki_%252829393944130%2529.jpg/640px-Susan_Wojcicki_%252829393944130%2529.jpg&w=640&q=50)
Susan Wojcicki
From Wikipedia, the free encyclopedia
Susan Diane Wojcicki (fødd 5. juli 1968) er ein polsk-amerikansk bedriftsleiar som var dagleg leiar for YouTube frå 2014 til 2023. Nettoformuen hennar vart estimert til å vere rundt 765 millionar dollar i 2022.[1]
Susan Wojcicki | |
![]() | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 5. juli 1968 (56 år) Santa Clara County |
Yrke | forretningsdrivande, næringslivsleiar, tech VIP |
Far | Stanley Wojcicki |
Mor | Esther Wojcicki |
Ektefelle | Dennis Troper |
Susan Wojcicki på Commons |
Wojcicki har jobba i teknologibransjen i over tjue år. Ho vart involvert i grunnlegginga av Google i 1998 då ho leigde ut garasjen sin som kontor til grunnleggjarane av selskapet.[2] Wojcicki vart den fyrste marknadssjefen i Google i 1999, og leia seinare den nettbaserte annonseringsverksemda og den originale videotenesta til selskapet. Etter å ha sett suksessen til YouTube, føreslo ho at Google skulle kjøpe tenesta. Google kjøpte YouTube for 1,65 milliardar dollar i 2006.
Wojcicki byrja som dagleg leiar i YouTube i 2014 og trekte seg i 2023.[3]