Sundasundet er eit om lag 200 kilometer langt og mellom 25 og 110 kilometer breitt sund mellom øyane Sumatra og Java i Indonesia. Sundet går frå Javahavet i nord og munnar ut i Indiahavet i sør.[1] Fleire vulkanske øyar ligg i sundet, mellom dei Krakatau.
![Thumb](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/01/Sunda_Strait_map-fr.svg/640px-Sunda_Strait_map-fr.svg.png)
Sundasundet er ei mykje nytta ferdsleåre for skipstrafikken mellom Indiahavet og Sørkinahavet, med 2 280 passerande skip årleg (2012).[2] Sundet er i gjennomsnitt 50-65 meter djupt, men over eit større område er det berre om lag 18 meter djupt.
28. februar og 1. mars 1942 stod eit stort sjøslag i Sundasundet, mellom Japans marine på den eine sida og USAs marine støtta av Nederland og Australia på den andre.
Notar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.