![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1f/Cmglee_Manningtree_River_Stour.jpg/640px-Cmglee_Manningtree_River_Stour.jpg&w=640&q=50)
Suffolk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Suffolk er eit ikkje-metropolitansk grevskap i East Anglia i England. Det grensar til Norfolk i nord, Cambridgeshire i vest og Essex i sør. Nordsjøen ligg i aust. Administrasjonsbye er Ipswich og andre viktige byar er Lowestoft, Bury St Edmunds og Felixstowe, ei av dei største containerhamnene i Europa.[1]
Kjappe fakta Land, Region ...
Suffolk | |||
grevskap | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Aust-England | ||
Areal | 3 801 km² | ||
Folketal | 715 700 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
![]() Suffolk 52.2°N 1°E / 52.2; 1 | |||
Wikimedia Commons: Suffolk | |||
Lukk
Grevskapet er lågtliggande med få åsar og stort sett våtmarksområde og dyrkbar mark med våtmarksområdet The Broads i nord.
Frå 1889 til 1974 var Suffolk delt i to administrative grevskap, East Suffolk og West Suffolk med administrasjonssenter i respektive Ispwich og Bury St Edmunds. Det er ingen sameinte styresmakter i Suffolk og det seremonielle og det administrative grevskapet har derfor same grenser.