Strix
fugleslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Strix er ei biologisk slekt av i uglefamilien, typiske ugler Strigidae. Utbreiingsområdet er spreidd over den nordlege halvkula, i Søraust-Asia, Sør-Amerika og Afrika sør for Sahara. Neotropiske fuglar i slekta Ciccaba er nokre gonger tatt med i Strix.
Strix | |
Lappugle, Strix nebulosa Foto: Wikimedia-brukar jok2000 | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Strix von Linné, 1758 |
Dette er mellomstore til store, robust bygde og kraftige ugler. Dei har ikkje øyreduskar og dei fleste er svært nattlege skogsfuglar. Dei fleste lever av små pattedyr, fuglar og reptil.
Merk at sjølv om Linné etablerte slekta Strix i 1758 for øyrelause ugler, gjorde fagfolk tidlegare mistak, og brukte ho til andre fuglar - nemleg slørugler i slekta Tyto, som også er øyrelause ugler.[1]