Streptokokkar
slekt av bakteriar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Streptokokkar er ei slekt av kokkebakteriar som høyrer til rekkja Firmicutes i ordenen Lactobacillales.[1] Celledelinga hjå desse bakteriane førekjem langs ein enkelt akse, og dei veks difor i kjeder eller par. Dette har gjeve opphav til namnet, frå gresk στρεπτός streptos, som tydar lettbøyeleg eller vridd, som ei kjede.
Streptokokkar | |
Systematikk | |
Domene: | Bakteriar Bacteria |
Rike: | Bacillati |
Rekkje: | Bacillota |
Klasse: | Bacilli |
Orden: | Lactobacillales |
Familie: | Streptococcaceae |
Slekt: | Streptokokkar Streptococcus Rosenbach, 1884 |
Dette står i skilnad til stafylokokkar, som delar seg langs fleire aksar og dannar drueliknande celleklyster. Dei fleste streptokokkar er oksidase- og katalasenegative, og mange er fakultative anaerobar. Streptokokkar er òg ein viktig ingrediens i sveitserost.
I 1984 blei mange organismar som tidlegare sokna til streptokokkar flytt ut i slektene Enterococcus og Lactococcus.[2] Det finst meir enn 50 anerkjende artar i denne slekta.