![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/70/The_Cairngorms_across_Strathspey_-_geograph.org.uk_-_1149911.jpg/640px-The_Cairngorms_across_Strathspey_-_geograph.org.uk_-_1149911.jpg&w=640&q=50)
Strathspey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Strathspey (skotsk-gælisk Srath Spè, engelsk Speyside) er eit område rundt dalføret som følgjer elva Spey i området Highland i Skottland. Det anglifiserte namnet er «Speyside». Hovudbyen i området er Grantown-on-Spey. Dette er òg eit betydeleg område for produksjon av skotsk whisky med høg konsentrasjon av destilleri, mellom anna Glenfiddich og Balvenie.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå dansen strathspey.
Strathspey | |||
region | |||
Utsyn mot Cairngorms over Strathspey. | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Strathspey 57.45°N 3.3°W / 57.45; -3.3 |
Omgrepet «Strathspey» viser vanlegvis til den øvre delen av dalføret (strath) frå kjelda til elva Spey og ned til hovudbyen Grantown-on-Spey, medan den anglifiserte forma, Speyside, viser til området frå Grantown-on-Spey til munningen av elva ved bukta Spey Bay.[1] Det har vore ein del kontroversar om forsøk på å anglifisera namnet til Spey Valley. Turistområdet frå sør startar ved Dalwhinnie og fortset nordover langs vegen A9 mot Newtonmore, Kingussie, Aviemore og vidare mot Grantown-on-Spey. Den kanadiske kjøpmannen Robert Simpson, grunnleggaren av Simpsons varehus, var fødd i Speymouth i Strathspey i 1834.[2][3]
Speyside er eit av fremste sentera i den skotske whiskyindustrien, med ein høg konsentrasjon av single malt-destilleri i regionen, inkludert Glenfiddich og Balvenie.
Skotske Malt Whisky Trail er eit turismeinitiativ med sju fungerande Speyside-destilleri, eit historisk destilleri og Speyside Cooperage. Konseptet blei oppretta på byrjinga av 1980-talet. Regionen er naturleg for whiskydestillatørar på grunn av tre fordelar: han er nær byggardar, omfattar elva Spey og er nær hamna i Garmouth.[4] Regionen husar òg Spirit of Speyside Whisky Festival.[5]