![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/46/Italy_1796_AD.png/640px-Italy_1796_AD.png&w=640&q=50)
Storhertugdømet Toscana
From Wikipedia, the free encyclopedia
Storhertugdømet Toscana (italiensk Granducato di Toscana, latinsk Magnus Ducatus Etruriae) var ein sentral italiensk monarki som eksisterte frå 1569 til 1859 (med nokre avbrot), og erstatta Hertugdømet Firenze.[1] Hovudstaden i storhertugdømet var Firenze. Før huset Lorraine tok over makta, var Toscana nominelt ein stat i Det tysk-romerske riket fram til freden i Westfalen i 1648.
Granducato di Toscana Storhertugdømet Toscana | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Nasjonalsong «La Leopolda» | ||||
![]() | ||||
Hovudstad | Firenze | |||
Språk | Italiensk | |||
Styreform | Monarki | |||
Storhertug | ||||
- 1569–1574 | Cosimo I de' Medici (første) | |||
- 1824–1859 | Leopold II (siste) | |||
Historie | ||||
- Oppretta | 27. august 1569 | |||
- Slutten på Medici-styret | 9. juli 1737 | |||
- Nedlagd | 21 mars 1801 | |||
- Gjenoppretta | 9. juni 1815 | |||
- Avsetjinga av Huset Habsburg-Lorraine | 16. august 1859 | |||
- Slått saman til Dei sameinte provinsane i Sentral-Italia |
8. desember 1859 | |||
Innbyggjarar | ||||
- 1801 est. | 1 096 641 [1] | |||
Valuta | Toskansk lire (−1826) Toskansk fiorino (1826–1859) | |||
[1] United Kingdom of Great Britain and Irland; House of Commons, John Bowring, 1839, s. 6 |
Storhertugdømet vart først styrt av huset Medici fram til denne familien døydde ut i 1737. Under Medici blømde Toscana. Sjølv om det ikkje var like internasjonalt kjend som den gamle republikken, kunne det vise til eineståande økonomisk og militær suksess under Cosimo I og sønene hans, fram til regjeringstida til Ferdinando II, då økonomien i staten byrja å verte svekka. Staten nådde eit høgdepunkt under Cosimo III. Det einaste framsteget til Medici-familien i den siste tida før dei døydde ut, var at dei vart opphøgd til kongelege av den tysk-romerske keisaren i 1691. Den eldre greina av Medici-linja døydde ut i 1737.
Frans Stefan av Lorraine, ein etterkomar av Medici-slekta, avløyste familien og tok over trona. Toscana vart styrt av ein statthaldar, Marc de Beauvau-Craon, i heile regjeringstida hans. Etterkomarane hans styrte, og heldt til i, storhertugdømet fram til 1859, berre avbroten av Napoleon Bonaparte som gav Toscana til huset Bourbon-Parma. Etter at det napoleonske systemet kollapsa i 1814, vart storhertugdømet gjenoppretta. Dei sameinte provinsane i Sentral-Italia, ein klientstat i Kongedømet Sardinia-Piemonte, annekterte Toscana i 1859. Toscana vart formelt annektert til Sardinia i 1860, etter ei folkeavsetmming, der 95 % av stemmarane støtta forslaget.[2]