![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d8/Storen_1986.jpg/640px-Storen_1986.jpg&w=640&q=50)
Store Skagastølstind
From Wikipedia, the free encyclopedia
Store Skagastølstind, eller berre Storen, er det tredje høgaste fjellet i Noreg og den sørlegaste toppen av Skagastølstindane. Storen er det einaste av Noreg sine tre høgaste fjell som krev klatring for å nå toppen den enklaste vegen.
Kjappe fakta Land, Område ...
Store Skagastølstind | |||
fjell | |||
Storen sett frå Dyrehaugsryggen. | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Luster og Årdal (Vestland) | ||
Fjellområde | Hurrungane, Jotunheimen | ||
Høgd | 2 405 moh. | ||
Primærfaktor | 1 010 m | ||
Førstestiging | 21. juli 1876 (William Cecil Slingsby) | ||
Koordinatar | 61°27′41″N 07°52′19″E | ||
![]() Store Skagastølstind 61.461388888889°N 7.8713888888889°E / 61.461388888889; 7.8713888888889 | |||
Wikimedia Commons: Store Skagastølstind | |||
Lukk
Storen er ein del av den høgastliggande fjellryggen i Noreg, Styggedals- og Skagastølsryggen. Fjellområdet heiter Hurrungane og ligg sørvest i Jotunheimen. Det er eit av dei villaste fjellområda i Jotunheimen. Storen ligg på grensa mellom kommunane Luster og Årdal i Vestland. Toppunktet markerer kommunegrensa.