![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/59/Greatesiranmap.gif/640px-Greatesiranmap.gif&w=640&q=50)
Stor-Iran
From Wikipedia, the free encyclopedia
Stor-Iran (farsi ایران بزرگ, Irān-e Bozorg), òg kalla Stor-Persia (farsi سرزمین پارس, Sarzamin-e Pārs) er eit omgrep nytta om regionar i Kaukasus, Vest-Asia, Sentral-Asia og delar av Sør-Asia som har påverknad av iransk kultur fordi området anten gjennom lange tider har vore styrt av ymse iranske og persiske rike gjennom historia (som Media, Akamenide-dynastiet, Partia, sassanidane, samanidane, safavidane og Afsharid-dynastiet, qajarane),[2][3][4] har fleire aspekt av persisk kultur på grunn av omfattande kontakt med dei forskjellige imperia basert i Persia (til dømes regionane og folket i Nord-Kaukasus som ikkje var under direkte iransk styre), eller er rett og slett framleis i dag er busett av mange iranske folk som framleis vernar om sine respektive kulturar (slik det gjeld for dei vestlege delane av Sør-Asia, Bahrain og Kina). Det tilsvarar omtrent territoriet på det iranske platået og dei tilstøytande slettene.[1][5] The Encyclopædia Iranica uses the term Iranian Cultural Continent for this region.[6]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/59/Greatesiranmap.gif/320px-Greatesiranmap.gif)
Omgrepet Iran er ikkje avgrensa til den moderne staten Iran (Persia), men omfattar alle territoria styrt av iranarar, inkludert Mesopotamia, Eastern Anatolia, all of the Kaukasus og Sentral-Asia.[7][8] Konseptet Stor-Iran har opphavet sitt i historia om Akamenide-dynastiet i Persis (Pars), og overlappa til ein viss grad med iransk historie.
I nyare hundreår mista Iran mange av territoria som vart erobra under safavidane og qajarane, inkludert Irak til osmanarane (via Amasya-avtalen i 1555 og Zuhab-traktaten i 1639), Vest-Afghanistan til britane (via Parisavtalen i 1857[9] og MacMahon-meklinga i 1905[10]), og alle territoria i Kaukasus til Russland under dei russisk-persiske krigane på 1800-talet.[11] Gulistanavtalen i 1813 førte til at Iran avstod Dagestan, Georgia og det meste av Aserbajdsjan til Russland.[12][13][14] Turkmancheyavtalen frå 1828 enda for godt dei mange hundreåra med iransk kontroll over dei kaukasiske provinsane[15], og Iran måtte avstå dagens Armenia, resten av Aserbajdsjan og Igdir (austlege Tyrkia), og sette den moderne grensa langs elva Aras.[16]
I 1935 vart namnet Iran gjort til det offisielle namnet på Persia av regenten Reza Shah.[17] I 1959 avgjorde derimot regjeringa til Shah Mohammad Reza Pahlavi, sonen til Reza Shah Pahlavis at både «Persia» og «Iran» kunne brukast om ein annan.[18]