Stillehavet
verdens største hav / From Wikipedia, the free encyclopedia
Stillehavet er eit av verdshava. Med ei flatevidd på om lag 180 millionar km² (med randhav) dekker det halvparten av havflata i verda, og er dermed det aller største havet. Stillehavet grensar mot Sørishavet i sør og møter Polhavet i nord gjennom Beringsundet. Det var Fernando Magellan som gav havet namnet sitt då han runda sørspissen av Amerika i 1521 og opplevde eit svært roleg hav. Han nytta det latinske Mare Pacificum, «det fredelege havet».
Stillehavet | |||
hav | |||
Del av | verdshavet | ||
---|---|---|---|
Stillehavet 0°N 160°W / 0; -160 | |||
Wikimedia Commons: Pacific Ocean | |||
Med ein overflate på 165 millionar kvadratkilometer (inkludert randhav) utgjer Stillehavet den største delen av havområda i verda – og dermed hydrosfæren. Der utgjer kring 46 % av vassoverflata til jorda, og 32 % av den totale jordoverflata. Stillehavet er dermed større enn alle landareala på jorda til saman.[1] Ekvator deler det inn i Nord- og Sør-Stillehavet. Det meste av Stillehavet når djupner på over 4 000 meter, og Marianergropa i den vestlege delen av Nord-Stillehavet er med sine 10 911 meter det djupaste punktet både i Stillehavets og på jorda.[2]