Steinerskular
From Wikipedia, the free encyclopedia
Steinerskular eller waldorfskular er skular som byggjer på steinerpedagogikk eller waldorfpedagogikk, ein utdaningsfilosofi formulert av den austerrikske filosofen Rudolf Steiner, grunnleggjaren av antroposofien. Læring i steinerskular er tverrfagleg og integrerer praktiske, kunstneriske og konseptuelle element.[1] Steinerpedagogikken legg vekt på rollen til elevane sin fantasi,[2][3][4] og utvikling av tenking som omfatter både ein kreativ og ein analytisk komponent.[5][6] Det overordna målet for pedagogikken er å gje unge menneske eit grunnlag for å utvikla seg til frie, moralske,[7][8] og integrerte individ,[2][9][10] og hjelpe kvart enkelt barn til å oppfylle si unike skjebne, som antroposofien legg vekt på eksistensen til.[11][12] Skular og lærarar har stor fridom til å utforme innhaldet i undervisinga innanfor ein kollegial struktur.[13]
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Den fyrste steinerskulen vart grunnlagd i 1919 i tilknyting til Waldorf-Astoria-fabrikken i Stuttgart. I 2009 var det 994 steinerskular i 60 land;[14] i 2001 var det videre 1400 steinerbarnehager og 120 spesialpedagogiske institusjonar i ulike land.[15] Det finst også offentlege skular, charterskular og heimeundervisingsmiljø som byggjer på steinerpedagogikken i varierande grad,[2] og steinerpedagogiske ideer har òg ein stor påverknad på andre offentlege og private skular, særleg i USA.[16][17]
Uttrykka steinerskular og steinerskulepedagogikk vert for det meiste nytta i Danmark og Noreg; i resten av verda er skulane og pedagogikken for det meiste kjend som waldorfskular og waldorfpedagogikk.