Stegl og hjul
From Wikipedia, the free encyclopedia
Stegl og hjul (òg skrive stegle og hjul, bokmål steile og hjul) er ei nemning på ein tortur- og avrettingsmetode. Metoden vart mest nytta i mellomalderen.
Som regel vart den dømde først bunden fast til eit kjerrehjul og så fekk han armar og bein knuste med ei stålforsterka klubbe.[1] Alternativt kunne ein pine den dømde med eit tungt vognhjul som vart heist opp og sleppt ned på offeret for å knuse armar og bein. Offeret – som låg fastbunde i ein forvriden og smertefull stilling på hjulet – vart deretter plassert oppå ein stegl (stolpe) til «spott og spe», for å døy ein pinefull og langsam daud.[1][2]
Ifølgje filosofen Thomas Aquinas (1225–1274) var stegle og hjul den straffa som venta i helvete for dei som hadde gjort dødssynda «hovmod».[3]
Denne avrettingsmetoden vart òg kalla radbrekking etter det tyske ordet Rad som tyder «hjul».[4] Ordet radbrekking, som altså opphavleg tyder «å knuse (knoklar) med hjul», kan i dag òg brukast i overført tyding om å «øydeleggje til det ugjenkjennelege».