![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d9/Arrernte_Keulen_EthnM.jpg/640px-Arrernte_Keulen_EthnM.jpg&w=640&q=50)
Klubbe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Klubbe (av norrønt klubba) eller kølle (frå dansk av same norrøne opphav) er ein reiskap eller eit slagvåpen som kan brukast til å slå med. Ei klubbe kan brukast til å truga eller utføra vald med, til dømes av krigarar eller politifolk, eller til ulike spel og idrettar, som golf, ishockey eller krokket. Klubber kan også ha seremonielle roller, til dømes som ei formanns- eller ordførarklubbe.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d9/Arrernte_Keulen_EthnM.jpg/640px-Arrernte_Keulen_EthnM.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b7/Royal_coat_of_arms_of_Denmark.svg/640px-Royal_coat_of_arms_of_Denmark.svg.png)
Ei klubbe kan vera laga av ei tjukk grein, eller ein stokk med handtak i eine enden og ein tjukkare eller utstikkande slagdel i den andre.