Stanford University
From Wikipedia, the free encyclopedia
Stanford University (kort Stanford) er eit privat amerikansk universitet i Stanford utanfor Palo Alto i California. Stanford ligg ca. 60 km sør for San Francisco og midt i hjartet av Silicon Valley, både geografisk og historisk. Det hadde i 2008 17. plass globalt på Times si liste over dei beste universiteta i verda.[1]
Stanford University | |||
| |||
| |||
Motto | Die Luft der Freiheit weht | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1885 | ||
Type | privat | ||
Studentar | 17 246 (2021) | ||
Tilsette | 16 673 (september 2020) | ||
Medlemskap | ORCID, Digital Library Federation, World Wide Web Consortium, Center for Research Libraries | ||
Nettstad | https://stanford.edu (engelsk) |
Universitetet er blant dei mest velrenommerte i verda, og har fostra mange nobelprisvinnarar. Det vart grunnlagt i 1891 med hjelp av ein donasjon frå 1885 frå guvernør Leland Stanford og kona hans Jane til minne om den avlidne sonen deira Leland Stanford junior. Det offisielle namnet til universitet, som sjeldan blir nytta, er difor The Leland Stanford Junior University.[2]
Mottoet til universitetet, Die Luft der Freiheit weht («lufta til fridomen blæs»), er eit sitat av humanisten Ulrich von Hutten (1488–1523). Då universitetet vart grunnlagt hadde tysk nettopp overteke for latin som det dominerande internasjonale vitskaplege språket.
Biblioteket ved Stanford University har 8,2 millionar titlar, som gjer det til det ellevte største biblioteket i USA (2006).[3]