From Wikipedia, the free encyclopedia
Spania debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København, Danmark, med songen «Desde el cielo», framført på spansk av songeren Sergio. Bidraga vart, i perioden 2003 til 2006, valde gjennom den nasjonale finalen Eurojunior, arrangert av den spanske kringkastaren Televisión Española.
I 2019 returnerte Spania til Junior Eurovision Song Contest, etter å ha sist deltake i tevlinga i 2006. Bidraga vart valde internt av den spanske kringkastaren. 24. juli 2019 vart Melani García presentert som spansk bidrag, med songen «Marte».[1][2]
Spania er eit av dei mest suksessrike landa i tevlinga. Landet vann tevlinga i 2004, med songen «Antes muerta que sencilla», syngja av songaren María Isabel. Ho fekk den høgaste poengsummen i tevlinga si historie, med 171 poeng. I 2015 vart rekorden slegen, då Malta vann tevlinga. I tillegg har Spania komme på andreplass to gongar, i 2003 og 2005, og to tredjeplassar i 2019 og 2020. Fram til 2020 hadde alle dei spanske bidraga i Junior Eurovision Song Contest hamna blant dei fire beste.
År | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|
2003 | Sergio | «Desde el cielo» | Spansk | 2 | 125 |
2004 | María Isabel | «Antes muerta que sencilla» | Spansk | 1 | 171 |
2005 | Antonio José | «Te traigo flores» | Spansk | 2 | 146 |
2006 | Dani Fernandez | «Te doy mi voz» | Spansk | 4 | 90 |
2019 | Melani García | «Marte» | Spansk | 3 | 212 |
2020 | Soleá | «Palante» | Spansk | 3 | 133 |
2021 | Levi Díaz | «Reír» | Spansk | 15 | 77 |
2022 | Carlos Higes | «Señorita» | Spansk og engelsk | 6 | 137 |
2023 | Sandra Valero |
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.