Tyne er ei elv nord i England. Ho startar som to separate elver, Nord-Tyne og Sør-Tyne, som renn saman ved Acomb i Northumberland. Sør-Tyne har utspringet sitt ved Alston Moor i Cumbria, og renn gjennom ein dal som ofte blir kalla Tyne Gap, sør for Hadrianmuren. Ho går forbi byane Haltwhistle og Haydon Bridge. Nord-Tyne oppstår ved grensa til Skottland, nord for Kielder Water, og renn ikkje forbi nokre større busetjingar før Hexham.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tyne i Skottland. For fleire tydingar, sjå Tyne (fleirtyding).
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Tyne
elv
Thumb
Tyne i Tyne and Wear, med South Shields på den sørlege og North Shields på den nordlege elvebreidda, sett frå Bill Quay.
Land  England
Nedslagsfelt 2 145 km²
Lengd 100 km
Hovudkjelde South Tyne
 - stad Alston Moor
Sekundærkjelde North Tyne
 - stad Deadwater Fell, Kielder, Northumberland
Munning Tynemouth
 - stad South Shields
 - koordinatar 55°0′37″N 1°25′8″W
Thumb
Tyne i England
55.010277777778°N 1.4188888888889°W / 55.010277777778; -1.4188888888889
Wikimedia Commons: River Tyne, England
Lukk

Elva kjem inn i grevskapet Tyne and Wear, som har namnet sitt etter Tyne og elva Wear, ved Prudhoe. Ho renn så gjennom Newcastle upon Tyne, der ho blir kryssa av sju bruer, forbi Jarrow og Tyneside òg til utløpet til Nordsjøen ved Tynemouth. Ved Tyneside markerer elva den gamle grensa mellom grevskapet Durham og Northumberland.

Thumb
Watersmeet, der kjeldeelvane til Tyne, South Tyne og North Tyne, renn saman.

Frå 1200-talet var Tyne ei viktig transportåre for kol frå dei rike kolfelta i Nordaust-England. Dette heldt seg fram til nedgangen i gruveindustrien på 1900-talet. Ved Dunston er eit kolastingsanlegg i tre verna.

Nedre del av elva var på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet av dei viktigaste sentra for skipsbygging. Det er enno store skipsverft ved Wallsend og Jarrow. For å betre kåra for denne industrien vart det gjort store endringar langs denne delen av elva på andre halvdelen av 1800-talet; øyar vart grave vekk og svingar i elva vart retta ut.

Kjelder


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.