![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a3/Portrett_av_Sophus_Lie.jpg/640px-Portrett_av_Sophus_Lie.jpg&w=640&q=50)
Sophus Lie
norsk professor og matematikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Marius Sophus Lie (17. desember 1842–18. februar 1899) var ein norsk matematikar fødd på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane fylke. Lie og Niels Henrik Abel vert rekna som dei to fremste norske matematikarane på 1800-talet.
Lie grunnla på eiga hand ei ny matematisk disiplin, transformasjonsgruppeteorien. Denne disiplinen går i dag under namnet «teorien for Lie-grupper», og er i dag eit viktig reiskap for moderne fysikk. Lies algebra vert brukt til å klassifisere elementærpartiklar, og i tillegg utgjer den ei viktig rolle innanfor kvantemekanikken.
Lie naut stor respekt ute i Europa. I 1886 vart han utnemnd til professor ved matematisk institutt i Leipzig, og han arbeidde også i Berlin, Paris og i Göttingen. I sitt siste leveår vart han professor ved Universitetet i Oslo.