Snøstorm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein snøstorm er eit kraftig vinteruvêr med låge temperaturar, kraftig vind og kraftig snøfall. Snøstormar kan ein òg ha dersom det ikkje snør, men ligg mykje (helst tørr og lett) snø på bakken.
Meteorologane i Noreg brukar ikkje uttrykket snøstorm, fordi det er vanskeleg å kome fram til eintydig definisjon på kva snøstorm er. Uttrykket vert ofte misbrukt av media for å skildre store vinteruvêr med både svak og kraftig vind, og ofte er ikkje desse uvêra innanfor kriteria som er oppretta av lokale vêrbyrå eller styreorgan. Truleg kjem omgrepet «snøstorm» av det engelsk ordet «snow storm», som ikkje har noko med vindstyrken å gjere. På engelsk tyder uttrykket vedvarande kraftig snøfall. «Storm» vert oftare brukt på engelsk om meir alvorlege vêrsituasjonar (til dømes er torevêr på engelsk «thunder storm»). Det me på norsk omtalar som snøstorm, kallar dei «blizzard» på engelsk. Det nokon kallar snøstorm i Oslo, er ikkje nødvendigvis det same i Nord-Noreg.
Snøstormar oppstår ofte når eit høgtrykksystem i form av ein høgtrykksrygg vekselverkar med eit lågtrykk. Dette fører til adveksjon av luft frå høgtrykket og inn i lågtrykket. Styrkeforholdet mellom dei to trykksystema (trykkgradientkrafta) avgjer kor kraftig vinden mellom systema vil bli.