From Wikipedia, the free encyclopedia
Slumdog Millionaire – Han som hadde svar på alt er ein britisk film frå 2008 regissert av Danny Boyle. Filmen er basert på boka Q&A av Vikas Swarup, og er spelt inn i India. Filmen vann publikumsprisen under Toronto Internasjonale Filmfestival i 2008.
Regi | Danny Boyle, Loveleen Tandan | ||
---|---|---|---|
Forfattar(ar) | Tessa Ross | ||
Produsent(ar) | Christian Colson | ||
Manus | Simon Beaufoy | ||
Basert på | Q & A | ||
Medverkande | Dev Patel, Freida Pinto, Rocío pereyra, Anil Kapoor, Irrfan Khan, Mahesh Manjrekar, Tanay Chheda, Tanvi Ganesh Lonkar, Ashutosh Lobo Gajiwala, Ayush Mahesh Khedekar, Rubina Ali, Azharuddin Mohammed Ismail, Saurabh Shukla, Anand Tiwari, Faezeh Jalali, Ankur Vikal, Rajendranath Zutshi | ||
Klipp | Chris Dickens | ||
Musikk | A. R. Rahman | ||
Sjeffotograf | Anthony Dod Mantle | ||
Produksjonsselskap | CPL Productions, Film4 Productions, Pathé | ||
Distributør | Pathé, Fórum Hungary, Fox Searchlight Pictures, iTunes, 20th Century Studios, Warner Bros., Disney+ | ||
Utgjevingsdato | 30. august 2008,[1] 7. september 2008,[1] 9. januar 2009 (Irland),[1] 19. februar 2009 (Ungarn),[2][1] 19. mars 2009 (Tyskland),[3] 20. mars 2009 (Austerrike),[3] 18. april 2009 (Japan)[3] | ||
Lengd | 120 minutt | ||
Opphavsland | Storbritannia | ||
Språk | engelsk, hindi | ||
Inntening | 377 910 544 US-dollar[4] | ||
Sjanger | romantisk film, dramafilm, oppvekstforteljing, romanfilmatisering, Krim(film) |
Filmen følgjer gatebarnet Jamal Malik frå han er ein ung gut til han som ein ung mann deltek i den indiske versjonen av Vil du bli millionær?. Gjennom spørsmåla vert Jamal si historie fortald.
Danny Boyle ynskte opphavleg ikkje å lage ein film om Vil du bli millionær?, men då han fann ut at manusforfattar var Simon Beaufoy, som hadde skrive manus til ein av Boyles britiske favorittfilmar, I blanke massingen, valde han å lese manuset.
Filmen er blant anna spelt inn i slummane Dharavi og Juhu i Mumbai og ved Taj Mahal.
Slumdog Millionaire – Han som hadde svar på alt hadde norsk premiere 23. januar 2009.
Filmen vann åtte av de ti prisane han var nominert til under Oscar-utdelinga i 2009, blant anna for beste film og beste regi[5] og blei kåra til beste film i 2008 av The National Board of Review. Filmen var nominert i fire kategoriar under 2008-utgåva av Golden Globes, og vann alle fire: for beste dramafilm, beste regissør, beste manus og beste filmmusikk.[6]
Her i Noreg vann han Amandaprisen for beste utanlandske kinofilm i 2009.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.