Slovensk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slovenia er eit land i Sentral-Europa mellom Alpane og Middelhavet. Alpane, med Dei juliske Alpane, Kamnik-Alpane og Karavankane, samt Pohorjemassivet, dominerer det nordlege Slovenia langs grensa til Austerrike. Kystlinja til Slovenia langs Adriahavet er om lag 47 km lang.[1], frå Italia til Kroatia, og heile kystlinja ligg rundt Triestebukta.
Meir informasjon Plassering, Geografi ...
Slovensk geografi | ||
Kart over Slovenia | ||
Plassering | ||
---|---|---|
Land | Slovenia | |
Koordinatar | 46°07′N 14°49′E | |
Totale landegrenser | 1 086 km | |
Grenseland | Austerrike (330 km), Kroatia (455 km), Ungarn (102 km) og Italia (199 km) | |
Geografi | ||
Areal - totalt: - land: - vatn: |
20 273 km² 20 151 km² 122 km² | |
Kystlinje | 46,6 km | |
Høgder - høgaste punkt: - lågaste punkt: |
Triglav (2864 moh) Adriahavet (0 moh) | |
Lengste elv | Sava (218 km) | |
Største innsjø | Cerknicasjøen (38 km², men tørkar heilt inn i periodar) | |
Arealbruk | ||
Dyrkbar mark | 8,53 % | |
Permanente avlingar | 1,43 %
| |
Anna | 90,04 % | |
Irrigert land | 30 km² | |
Naturressursar | ||
brunkol, bly, sink, byggestein, vasskraft, skog | ||
Naturfarar | ||
flaum og jordskjelv | ||
Miljøproblem | ||
Sava er forureinina. Kystfarvatnet er forureina med tungmetall og giftige kjemikaliar. Skog øydelagd nær Koper på grunn av luftforureining frå dei metallurgiske og kjemiske fabrikkane her som medfører sur nedbør. |
Lukk
Uttrykket karst kjem frå Karstplatået sørvest i Slovenia, eit kalksteinsområde med undergrunnselvar, kløfter og grotter. Dette ligg mellom Ljubljana og Middelhavet.
På Den pannoniske sletta i aust og nordaust, mot grensene til Kroatia og Ungarn, er landskapet hovudsakleg flatt. Det meste av terrenget i Slovenia er likevel ås- og fjellendt, og rundt 90 % av landet ligg over 200 meter over havet.